Høgt til fjells på Kreta

Mor og eg kapra kvar vår restplass i siste liten. Vi flaug strake vegen frå Ålesund til Kreta – ” middelhavets perle”. På berre fire timar forandra temperaturen seg frå 10 til 28 grader. Høgdepunktet på turen var ein sykkeltur over Lefka Ori-fjella.

Kreta er ein turistmagnet utan like. Kvar enn vi snudde oss spankulerte nordmenn forbi. Alle ute etter sol og sommar.

Kreta er ein turistmagnet utan like. Kvar enn vi snudde oss spankulerte nordmenn forbi.

Kreta er ein turistmagnet utan like. Kvar enn vi snudde oss spankulerte nordmenn forbi.

Kreta er den største øya i Hellas, og Europas sydlegaste i Middelhavet. Vi finn den midt i mellom Europa, Asia og Afrika. Her bur det 600.000 mennesker og den største byen er hovudstaden Heraklion. Vi inntok feriebyen Chania, som så mange andre nordboarar. Her er strender, restaurantar, butikkar og alt ein turist kan ønskje seg. Sola er kanskje den viktigaste ingrediensen på ein slik tur, men det er slett ikkje alltid den gjer like mykje ut av seg. Dei to første dagane av ferien var akkurat som å stikke nasa ut vinduet på Sandane ein haustdag. Regnet plaska ned og vi måtte leite fram ullgenasaren og paraplyen. Kanskje ikkje brunfargen var ein selvfølge likevel?

Handel og utflukter
Kreta kan by på så mangt, og når uværet slepp til blir iallfall selgarane glade. Regn betyr penger og det er akkurat det vi turistar har. Mor har eit spesielt forhold til desse dukane. Eg måtte om lag dra ho ut i samtlege butikkar, så vi ikkje blei ruinerte for resten av turen. Viss ein vil la sedlane ligge i fred og bikinien få lufte seg, kan øya friste med flotte fjellvandringar. Kreta har tre store fjellkjeder, der den høgste toppen ragar 2456 m.o.h
Like bak Chania ligg Ori Lefka fjella, også kalt dei kvite fjella pga. si store mengde med kalk. Her kan ein oppleve Europas lengste ravine, Samaria. 16, 7 km står til disposisjon dersom ein vil ta beina fatt. Høgdepunktet er ravina si smalaste passaje på tre meter mellom fjellveggane, og 150 m rett opp.

Sykkeltur i høgda
Mor og eg ville utfordre oss i litt større grad enn å gå i fjellet, så vi meldte oss på ein 42 km sykkeltur. Rett nok skulle turen gå mykje nedover, men det kunne by på mange overraskelsar også. Mor var spent på desse sporty syklane, for ho har aldri funne seg til rette på sitt eige sykkelsete heime. Den gamle tohjulingen med ballongdekk er fortsatt den beste i hennar auge. Då dagen kom viste det seg at alle bekymringar var unødige. Både guiden og syklane var profesjonelle og hadde vore ute i naturen før. Grekaren som skulle lede oss gjennom ein dag på sykkelsete var ein ein blid og omgjengeleg kar. Dette var noko han tydeleg kunne frå A til Å, og forklarte oss i detalj kvar vi var og historia bak. Han hadde dreve med denne type aktivitet i 12 år, så vi var i trygge hender. Atten spreke turistar var klare til å oppleve Lefka Ori fjella og Kreta sitt flotte landskap. Frå 1100 meter og nedover passerte vi små landsbyar i fjellsidene, kastanjeskogar, appelsin- og olivenfarmar og sugde til oss like mange inntrykk. Geiter, høner og kattar luffa på vegane, medan gamle bønder utførte sitt daglege arbeid.
Det gjekk i racarfart nedover bakkane og mor låg slett ikkje i siste rekke. Nei, her skulle ikkje pedalane vere til pynt og bremsene vere kalde etter endt tur, så ho gassa godt på.

Vi fekk sjå Kreta på ein ny og annleis måte og var både slitne og oppglødde når enden var nådd. At strendene og restaurantane har sin sjarm er ingen tvil om, men du så kjekt det er å oppleve det verkelege livet i landet du besøker.
Reisearrangørane har som regel utflukter på programmet, men ein kan likeså godt leige bil eller slenge seg på lokalbussen og utforske på eiga hand. Det er spennande å ta del i ein annan kultur og andre mennesker sitt heimland om det berre er for nokre dagar.

TIPS:
Set deg inn i kva Kreta har å by på, dersom du ønskjer ei blanding av aktivitets- og solferie. Du treng ikkje ligge strak ut på stranda for å bli brun.

VIKTIG Å FÅ MED SEG:
Gode sko til på gå i fjellet med.
Gjerne ei fora sykkelbukse dersom du vil på lange sykkelturar.

Leave Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *